Budeia i Naustdal

Ikkje eit typisk prosjekt for Sunnfjord Industri, men ei interessant utfordring vi fekk av oppdragsgjevar Naustdal kommune og den kjende kunstnaren Kjartan Slettemark. 

Basert på modell og teikningar frå kunstnaren konstruerte, produserte og monterte vi budeia på Sanden i Naustdal. Og dama, som er produsert i syrefast materiale, har ingen teikn til rust. Vi ser på oss sjølve som spesialistar på stålkonstruksjonar, men vi set likevel pris på oppdrag av litt spesiell karakter!

Bygginfo:

Byggherre: Naustdal kommune
Kunstnar: Kjartan Slettemark